Fra en bestefar

Barnebarna, foreldra deira og eg har sett gjennom – mange gangar – dei ulike eventyra i Fonoserien. Vi kosa oss! Ungane og dei vaksne sat som ”klistra” til TV’n. Dette er ein spennande måte å presentere språklydane på. Verkeleg profesjonelle gode tekstar og animasjon.

Dei fire minste, Adrian (4), Malin (5), Tobias (5) og Sebastian (7) har ”Vesle Kjappi” som klar favoritt. Kj-lyden er det ikkje lenger problem med! ”Vesle Nina og lua hennes” er favoritt nummer to. Eldstemann, Ruben Johannes (10) hadde ”Ozelotene i jungelskogen” som sin klare favoritt. Dei vaksne sin favoritt er ”Gjøken som mistet stemmen sin”. Dette er ei historie som av og til kan vere sann....

Historiene er fengande og spennande, dei er passe lange, og med passe innslag av litt skumle parti. Det er ein gjennomtenkt moral i alle eventyra, dei passar både for store som for små. Men det endar alltid godt, slik det sjølvsagt skal vere for den yngste målgruppa. Men det er viktig og dermed trygt for dei små å kunne sjå eventyra saman med ein vaksen person første gang. Det dukka opp mange spørsmål undervegs som vi dermed kunne snakke om og diskutere.
Melodiane er fengande, tydeleg song der teksten kjem godt fram. Minstemann sa at det var songar som ein vart glad av å høyre. Men Malin, som er lynrask til å lære melodiar og tekst syntest det vart litt kjedeleg at det berre var same melodi på alle songane i alle eventyra. Ho ville gjerne hatt litt meir variasjon.
Alle kommenterte på sin måte at samanlikna med det dei i dag ser av barneprogram på TV, så var det i Fonoserie- eventyra eit behageleg, ikkje jagande, tempo, og at forteljarstemma var passe høg. Dei tre minste var ”lei av” program der ein brukte alt for høg stemme (”utestemme” som dei kallar det i barnehagen).logo75